Stafett Blogg

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Det vart ein strålande kveld ved Førde sentralsjukehus under Helse Førde-stafetten i går. Både deltakarar, tilskodarar og dei involverte skinte om kapp med kveldssola.

Stafettdagen er i full gang, og det ligg an til perfekte løpsforhold. Er du nysgjerrig på kva lag og løparar som skal i sving, eller resultata etterkvart som ein kjem i mål, kan du følgje med på desse her.

Det er full aktivitet på sjukehusområdet av engasjerte 5. klassingar som er i gang på dei ulike stasjonane rundt omkring på sjukehuset. Nærare 100 elevar frå 4 skular i Sunnfjord, får prøve seg på ulike oppgåver og sjå kva personellet jobbar med i arbeidskvardagen sin.

Løypene er merka, og sola kikkar så vidt fram bak eit lett skydekke. Det ser ut til å bli ein perfekt stafettdag i Førde. Om kun få timar går startsskotet, og Beate Kårstad Støfring vil varme oss opp til løp, og sørge for at kroppen gjer seg klar til å prestere.

Det er gledeleg å sjå at det er stor påmelding til hovudstafetten i morgon. Det er 85 lag påmeldt, og av desse stiller 19 i idrettsklassa, medan dei resterande 66 laga stiller i bedriftsklassa.

Vi gjer oppmerksam på at det er igangsett gravearbeid ved Hafstadparken, som påverkar 3. etappen i hovudstafetten noko. Det er naudsynt å springe utanfor det oppsette sperreområdet langs elva, og inn på sjølve parkeringsplassen. Følg difor merking frå løypepersonell akkurat her.

Vi gjentek suksessen med rakettløypa for born! Løypa går på sjukehusområdet, og er open for alle born til å delta heilt gratis. Det er ingen påmelding på førehand, så det er berre å møte opp.

No er det like før det brakar laust, og vi gler oss til å sjå deg i løypa. Startnummeret kan du hente på stafettdagen, mellom kl 12:00-13:00, og 16:00-18:00. Du finn oss ved hovudinngangen til sentralsjukehuset.