Strålande påmelding til hovudstafetten!

31.05.2023

Det er gledeleg å sjå at det er stor påmelding til hovudstafetten i morgon. Det er 85 lag påmeldt, og av desse stiller 19 i idrettsklassa, medan dei resterande 66 laga stiller i bedriftsklassa. 

Dersom du kjenner på ynskje om å springe, så kan du stille på i mosjonsklassa der vi tek i mot påmeldingar heilt fram til start. Mosjonsklassen startar kl 16. Sjå meir informasjon om dei ulike løpa her.

Vi gler oss til ein strålande ettermiddag med perfekte vermeldingar, god stemning og masse energi. 

Velkomne til stafett!