5. klasse på dagtid

Vi som arrangerer Helse Førde stafetten ynskjer auka fokus mot barn og unge. Vi inviterer difor alle 5. klassane i Sunnfjord kommune til ein aktivitetsdag rundt Førde sentralsjukehus. Vi legg opp til eit arrangement der alle kan vere med. I tillegg til fysisk aktivitet vil elevane møte postar med ulikt fagleg innhald.


Tema for dagen vert:

  • Grunnleggande førstehjelp (Ambulansestasjonen)
  • Hjarte-lungeredning og vitalia på dukke (SIM rom)
  • VR briller med brannvern (Teknisk avdeling)
  • Quiz med spørsmål frå føregåande postar

Løypa går rundt Førde sentralsjukehus. Langs løypa kjem gruppene til seks postar. Tre av desse er quiz med spørsmål frå føregåande post. Det er vikitg at elevane har med eiga nistepakke og drikkeflaske denne dagen. Ta med sekk og tøy etter vær. Løypa er tilrettelagt for rørslehemma. 

Post 1. v/sjukepleiar SIM rom: Elevane får sjå korleis det er å vere pasient på sjukehus. Vi går igjennom vitale målingar, og hjarte-lungeredning.

Post 2. v/Teknisk avdeling: Elevane får prøve VR briller og sjå korleis tilsette i Helse Førde øver på brannvern.

Post 3. v/ ambulansetenesta: Grunnleggande førstehjelp. Frie luftvegar, sideleie og nødnummer. Vi viser elevane korleis ei moderne ambulanse er, og fortel om nokre av dei helsetenestene vi kan yte «prehospitalt».

Post 4 til 6. Quiz: Elevane passerer tre quizpostar på turen rundt sjukehuset. Her får dei spørsmål med tema frå dei føregåande postane.

Premiering: Alle får ei t-skjorte ved oppmøte. Etter ein har vore igjennom løypa får alle medalje. I tillegg får beste gruppe i quizen ein premie som går til heile gruppa/klassen.

Oppmøte/Registrering Start

Oppmøte/registrering/start: frå 09:30 - Klassane bør vere organisert i grupper på rundt 12-15 elevar. Ein lærar følgjer kvar gruppe. Kvar gruppe får tildelt starttid i forkant. Vi tek sikte på at siste gruppe skal vere gjennom løypa innan klokka 14:00.

Helse Førde håpar at skulane i Sunnfjord Kommune finn dette opplegget interessant, og at de har mogelegheit til å vere med.

Påmelding

Påmelding nederst på sida. Påmeldinga må innehalde tal på elevar (kor mange grupper som kjem) og kor mange lærarar som blir med. Vi ynskjer også tilbakemelding dersom det er spesielle omsyn vi bør ta med tanke på klokkeslett for skulestart/skuleslutt denne dagen.

Med dette ynskjer vi velkomen til ein aktiv og spennande dag med fokus på fysisk aktivitet, helse, moro og god læring!