Helse Førde-Stafetten : Vi ynskjer å motivere og bidra til fysisk aktivitet!

Regelmessig fysisk aktivitet gir overskot i kvardagen, og har positiv effekt på fysisk og psykisk fysisk helse. Difor er Helse Førde ein naturleg initiativtakar og arrangør av den årlege Stafetten som starta frå sjukehuset i Førde. 

Helse Førde-Stafetten er eit breiddearrangement, og vi ynskjer at flest mogleg skal ha høve til å delta, uansett kva form ein er i! Det er mange måtar å delta på i stafetten. Sjå oversikt under påmeldingsfana.

Sjølv om det er eit breiddearrangement, så er konkurranse-aspektet med. 
Mange likar å konkurrere, og med startnummer på brystet får mange motivasjon til å ta i litt ekstra for å slå ei anna avdeling eller ei anna bedrift. Slik er det.

Vi i Helse Førde ynskjer at flest mogleg skal vere med denne dagen, uansett kva form ein er i. Vi vil at DU - gjennom fysisk aktivitet - skal oppleve spenning, glede, utfordring og mestring, enten som deltakar utan tidtaking, eller i konkurransen. 
For mange er det ein siger å stille opp, og mange oppleve stor glede med å delta og oppleve mestring saman med kollegare og vener.

Fysisk aktivitet har ei dokumentert god effekt på ei lang rekke av dei store folkesjukdommane, t.d. muskel-/skjelettlidingar, hjarte-/karsjukdom, type 2 diabetes og osteoporose. Fysisk aktivitet fremjar òg psykisk velvære og kan nyttast i behandling av angst, depresjon og andre psykiske lidingar.

Helsestyresmaktene tilrår moderat fysisk aktivitet på ca. 150 minutt kvar veke for vaksne, og 60 min dagleg fysisk aktivitet for unge. 
All fysisk aktivitet er positivt for helsa.