Føretaksleiinga er klare til stafett, og oppfordrar alle til deltaking
Føretaksleiinga i Helse Førde har spissa formen, og er klare til start torsdag. Lagkaptein og kommunikasjonssjef, Terje Ulvedal, informerer om at målsetjinga er å heve resultatet, og dermed slå tida dei passerte målstreken på i fjor.
- Vi har ikkje gjennomført felles trening i forkant, men vi har førebudd oss på ulike måtar individuelt. Det viktigaste er trass alt å delta under dei føresetnadane ein har. Dette vert skikkelig moro, seier Ulvedal.
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, er konferansier for stafetten, og han oppfordrar alle til å stille på.
- Fysisk aktivitet gir overskot i kvardagen, og er positivt for både fysisk og psykisk helse. Stafetten er også ein arena for fellesskap og meistring, og vi håpar difor at flest mogleg skal bli med oss denne dagen, seier han.
Vi gler oss til å ynskje deg velkomen som løpar, mosjonist eller heiagjeng – uansett alder og fysiske føresetnadar. Det blir servert grillmat til alle deltakarar, underhaldning frå scena, premiering og vi lovar god stemning. Ta på deg joggeskoa og still på med familie og venner i sjukehusparken på torsdag.
Fristen for deltaking i hovudstafetten og singelløp er i kveld kl 23.00, men mosjonistar kan melde seg på ved frammøte på løpsdagen.