Rakettløype for alle born

31.05.2023

Vi gjentek suksessen med rakettløypa for born! Løypa går på sjukehusområdet, og er open for alle born til å delta heilt gratis. Det er ingen påmelding på førehand, så det er berre å møte opp.

Rakettløypa er open frå 17.30 til 19.30 på stafettdagen. Velkomen til kjekke oppgåver og god rakettstemning i sjukehusparken!  

Barnestafett på sjukehusområdet

Det blir lagt til rette for barneløyper for alle som ynskjer å springe stafett. I sjukehusparken er det ei kort barneløype for alle mellom 0 og 6 år. Løypa er omlag 600 meter, og det er ingen tidtaking. For alle born som har lyst å springe bornestafett, så er det berre å møte opp ved start innan kl. 17.25. Det blir premiar til alle som deltek. 

Det er også ei litt lengre løype for spreke born mellom 7 og 12 år. Denne løypa er på omlag 1,3 km, og foregår inne på sjukehusområdet med start kl 18.30. Påmelding her vil vere open fram til start, med henting av startnummer fram til kl 18.00. Alle deltakarar får premie. 

Velkommen til ein forrykande barnestafett!