Engasjerte 5. klassingar i full gang i sjukehusparken

01.06.2023

Det er full aktivitet på sjukehusområdet av engasjerte 5. klassingar som er i gang på dei ulike stasjonane rundt omkring på sjukehuset. Nærare 100 elevar frå 4 skular i Sunnfjord, får prøve seg på ulike oppgåver og sjå kva personellet jobbar med i arbeidskvardagen sin.  

På rundturen er dei innom simuleringsrommet på sjukehuset, der sjukepleiarar viser elevane nokre av oppgåvene dei har. Vidare får dei testa seg i førstehjelp saman med ambulansepersonell, samt testa brannslokking med VR-briller. I sjukehusparken får dei opp pulsen i rakettløypa. Det er mykje inntrykk, og både elevar og vaksne ser ut til å kose seg. 

Etter å ha vore innom alle stasjonane, får dei utdelt medaljar for vel gjennomførd stafett. I tillegg får dei litt påfyll av energi, i form av frukt og drikke. Vi er imponerte over innsatsen og engasjementet! Dette er kjekt! 

Her er nokre glimt frå dagens 5. klassestafett