Førebuingane til årets Helse Førde-stafett er i full gong 

23.03.2023

Stafettkomitéen jobbar på for fullt med førebuingane til den 16. Helse Førde-stafetten. Det er mange brikker som skal på plass til startsskotet går 1. juni, og dei er godt i rute med planlegginga.

- Påmeldinga er i fulll gang, og vi ser at deltakarlistene aukar jamnt og trutt. Det er veldig kjekt at folk ynskjer å slå eit slag for folkehelsa saman med oss, og vi håpar på god deltaking, seier leiar for stafettkomitéen, Halvard Brekke. 

Vi har eit spennande program, og det blir som tidlegare høve til å delta i ulike klasser, både som born, mosjonist, singelløpar eller stafettlag. 5. klassestafetten som vert arrangert på dagtid har veldig god oppslutnad allereie, og vi gler oss til å sjå mange spreke ungdomar og heiagjengar i løypa denne dagen. 

På ettermiddagen blir det i tillegg god stemning med vakre tonar frå scena, og servering av nydeleg grillmat. 

- Kanskje kan det å melde seg på til stafetten vere ein god motivasjon for å kome seg ut i frisk luft. Stafetten skal høve for alle, og trivsel er ein viktig faktor for suksess, avsluttar Eivind Standnes med glimt i auge.