Stafetten for alle! Slik kan du bli vinnar utan bestetid!

30.05.2023

For oss er alle deltakarar vinnarar, og vi set difor pris på alle som er med og spring, uansett føresetnadar. Om du har eit sterkt konkurranseinstinkt, der vinnartida er det viktigaste, eller om du deltek for å ha det kjekt saman med andre, er du like velkomen til stafett. 

Vi ynskjer å verdsette kreativiteten, og utfordrar difor laga til å gjere litt ut av seg under stafetten, skape god stemning og latter både i og rundt løypene. Dette kan gjerast med festlige antrekk, kreative namn eller andre uventa påfunn. Vi gler oss til å sjå kva de finn på! 

Det blir kåring av det mest kreative laget - sjølv utan bestetid. 🤩
Uansett kva som er din motivasjon til å delta, så ynskjer vi deg velkomen til stafett.