Spin of Hope

10.03.2023

Bli med på spinning i kampen mot barnekreft, og start treninga mot årets Helse Førde-stafett. Laurdag 25. mars går Spin of Hope av stabelen på Spenst Førde mellom kl 09.00 til 12.00. Då kan du få deg ei skikkelig god treningsøkt, og samstundes bidra til viktig forskning på barnekreft. Du betalar 100 kr/timen, eller eit høgre beløp etter eige ynskje, og alle kronene frå arrangementet går uavkorta til Barnekreftforeninga og forskning på barnekreft. 

Kva er Spin of Hope? 

Spin of Hope er Nordens største spinningarrangement, der deltakarane syklar saman i kampen mot barnekreft! Arrangementet er i regi av Team Rynkeby Norge, som kvart år syklar frå Norge til Paris, til inntekt for forskning på barnekreft.

Fakta om barnekreft: Kvart år vert rundt 200 born og unge mellom 0 og 18 år ramma av ein kreftsjukdom. Totaloverlevinga av barnekreft er omlag 85 % i Noreg. Ingen born skal dø av kreft. 

Vi håpar du har anledning til å vere med å spinne med oss, og ta ei god treningsøkt til inntekt for born og unge med kreft! Ditt bidrag er viktig.

Om du ikkje er i Førde denne dagen, er det mogleg å delta på ei rekkje andre stadar også. Meld deg på ved å trykke på stadnamnet som høver deg best nedanfor.

Førde

Knarvik (Studio Nor)

Åsane (Nr1 Fitness)

Osterøy (Nr 1 Fitness)

Fyllingsdalen

Laksevåg

Voss



Vi håpar å sjå deg på Helse Førde-stafetten 1. juni!

Meld deg på til årets stafett her.
Frist for påmelding er 30.05 kl. 23.00. Velkomen til stafett! :) 


Av: Helse Førde-stafetten