Skal heve seg frå 2019

07.06.2022

Proresult AS er blant dei mange små og mellomstore bedriftene vi ventar å sjå på startstreken under årest Helse Førde-stafett. Dei deltok også i 2019, då dei var blant dei svakaste laga. I år er målet å heve nivået, fortel Sigurd Kjelsnes i Proresult.

Kjelsnes jobbar som teknisk kundekonsulent i selskapet, som tel om lag 20 tilsette.

  • Det går heilt greitt for oss å stille lag, og vi har eit greitt mangfald av tilsette med omsyn til variasjon i kjønn og alder, seier Kjelsnes. - Nokre av oss spring ein god del og er i bra form, andre er middelhavsfararar. Uansett så stiller vi utan press på nokon einskild, med ambisjon om å vise framgang sidan sist. Det trur eg vi skal klare!

Firmaet deltok tidlegare i vår i trimopplegget ditt.no, der deltakarane skulle gå 10 000 skritt i døgnet.

  • Vi er i aktivitet slik, og det kan vel i alle fall ikkje skade. For oss er Helse Førde-stafetten først og fremst ein sosial happening blant kollegar, med trim, god mat og hyggelege folk.

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.


Av: Per