Rekordstor påmelding til 5. klassestafetten

25.05.2023

Det er skikkelig stas å sjå at det er rekordstor påmelding til årets 5. klassestafett som går føre seg på dagtid torsdag 1. juni. Nærare 100 deltakarar frå 4 ulike skular er klare for stafett. Årets løype er lagt rundt sjukehusområdet, og elevane skal innom tre stasjonar undervegs i stafetten, der dei vil møte på oppgåver som er relevante for aktiviteten på sjukehuset. 

På første stasjon skal elevane innom simuleringsrommet, der dei får sjå nokre av oppgåvene ein sjukepleiar kan ha på sjukehuset. 

På den andre stasjonen skal elevane innom ambulansetenesta, der dei vil få gjennomgang av førstehjelp og livreddande tiltak. 

På tredje og siste stasjon får nokre elevar moglegheit til å prøve å slokke brann med VR-briller, samt at dei får demonstrasjon av korleis sløkkje brann med apparat, når dei skal innom Teknisk drift og få opplæring i brannvern. 

Alle elevane får utdelt kvar si t-skjorte med Helse Førde-stafettlogo før start, samt medalje og litt frukt og drikke etter fullført stafett. Vi er ellers svært takknemlige for at Åsen og Øverlid stiller på som sponsor av ein premie på 1000 kr, som bllir trekt ut til ei tilfeldig klasse som er med på stafetten. Premien kan nyttast til noko sosialt for heile klassen.

Vi trur dette blir spennande og lærerikt for både elevar, lærarar og instruktørar, og gler oss til å følgje 5. klassingane gjennom løypa.