Påmeldinga til årets stafett er opna!

20.02.2023

Det er i overkant av 3 månadar igjen til startskotet går for årets Helse Førde-stafett, som går av stabelen 1. juni. Påmeldinga er opna, og oppladinga til sommarens stafetteventyr kan begynne allereie no. Utfordre deg sjølv, kollegaer, venner og familie til å leite fram joggeskoa og melde seg på.

Stafetten er eit breiddearrangement der alle kan delta, både dei med ekstremt konkurranseinstinkt og dei heilt utan. Kjenner du at toppformen ikkje er heilt i boks endå? Fortvil ikkje, her er det rom for alle uansett nivå. Meld deg på i den klassa du kjenner deg mest heime i - det viktigaste er å delta. 

Fysisk aktivitet gir dokumentert effekt for ei rekkje folkesjukdomar, og vi utfordrar deg til å bli med og dra eit slag for folkehelsa.

Les om dei ulike klassene og meld deg på her.

Vi gler oss til å sjå deg på startstreken 1. juni! :)