15. juni blir dagen då du slepp å lage middag heime.

09.06.2022

Har du tenkt over at Helse Førde-stafetten er meir enn ei tørr fysisk utfordring? 15. juni blir dagen då du slepp å lage middag heime, og i staden tek med familien ut til eit deilig gratismåltid, mosjon og sosialt samver!
- Dette blir ein folkefest, seier Torstein Solset, avdelingssjef for matforsyning i Helse Førde.
Denne dagen serverer vi nydelig grillmat som ekte hamburger med alt tilbehør, og grillpølser med tilbehør til dei som ønskjer det. Vi har dessutan tilbod om vegetarburgar til dei som ikkje ønskjer kjøt, og også til dei som treng glutenfritt. Helse Førde reknar med å servere mat til rundt 700-800 personar, store som små.

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊

Minner om påmeldingsfrist 13.juni.

Av: Per