Helse Førde Stafetten 2022

02.05.2022

Løypeprofilen på Helse Førde stafetten er ny av året og dette ynskjer me å markera med ny logo og design på deltakar t-skjorta vår. Alle deltakarar får kvar si t-skjorte i ein flott blåfarge. Denne håpar me at du kan bruka om att og om att når kilometer og høgdemeter skal tilbakeleggjast dei neste flotte sommarmånadane. T-skjorta pustar godt og eignar seg for all fysisk aktivitet.

Er du ein av dei heldige som går av med siger i årets Helse Førde stafett vinn du denne fine bomulls t-skjorta som viser at du var deltakar i 2022. Eit kjekt minne å ha med seg vidare!

Me ser fram til at mange deltek på årets stafett, vaksne som born, og gledar oss til stafett i Førde 15.juni. Fysisk aktivitet er for alle. Meld på deg sjølv, bedrifta eller vennegjengen!

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊
Minner om påmeldingsfrist 13.juni.


Av:  Renate Buene