Desse skal springe Helse Førde-stafetten - skal du?

07.06.2022

​​Toppleiinga i Helse Førde ønskjer å vise seg frå ei sporty side under årets Helse Førde-stafett, og stiller på startstreken. Dei oppmodar alle andre som kan om å gjere det same. Gå ikkje glipp av denne sjansen til å slå sjefane! ​

- Vi tykkjer det er viktig å vere med på å ivareta denne unike tradisjonen vi har i Helse Førde-stafetten, seier administrerande direktør Arve Varden, som enno ikkje har fått på seg treningskleda og joggeskoa. Men han forsikrar at han vil stille opp.
Gjennom dette arrangementet byggjer vi bruer på kryss og tvers i lokalsamfunnet og arbeidsplassen, vi fremmar folkehelse og skaper identitet.

 
- Vi håpar at så mange avdelingar og seksjonar som råd i Helse Førde blir med på denne folkehelsefesten ved å stille lag. Å vere med på Helse Førde-stafetten er sunt og sosialt, seier Varden.

KLAR FOR INNSATS: Seks utvalde frå denne gjengen stiller til start. Frå venstre Øystein Helleseth (økonomidir.), Asle Kjørlaug (fagdir.), Helge Robert Midtbø (dir. drift og eigedom), Trine Vingsnes (dir. medisinsk klinikk), Tom Guldhav (dir. kirurgisk klinikk), Børge Tvedt (dir. psykistrisk klinikk), Anne Kristin Kleiven (utviklingsdir.) og Arve Varden (adm. dir.). Bak til venstre med banneret, stafettansvarleg Halvard Brekke og Eivind Standnes.

Velkommen til Helse Førde stafetten 2022 😊

Minner om påmeldingsfrist 13.juni.

Av: Helse Førde Stafetten