Crossfit Førde utfordrar brannvesenet til tautrekking!

04.05.2022

Crossfit Førde utfordrar brannvesenet til tautrekking på Helse Førde stafetten. Tar brannvesenet utfordringa?
Crossfit Førde seier dei trur det blir veldig jamnt kven som vinn, og at det er sterke folk begge plassar. På spørsmål om dei kjem til å ligge i hardtrening no, svarar dei at dei kjem nok til å ta eit par testrunder ekstra i tautrekking. Dei seier dei trur dei alle stiller sterkt på ein slik konkurranse. Dei legg ved at dei går for heilårsformen.

Kven trur du vinn? Crossfit Førde eller brannvesenet?

Av Johanne Fauske Bygstad