Mosjons- løps- og folkefest!
Det er 3 veker igjen til startskotet for årets stafett går, og det er god påmelding til dei ulike løpa. Fjorårets suksess med ny barneløype og stafettløype blir vidareført, og kapasiteten blir auka for å kunne få endå fleire med på løpsfesten. Stafetten skal vere eit tilbod for alle!
Stafettkomitéen har hektiske dagar framfor seg dei siste vekene før stafetten, og det er mange brikker som skal på plass, for å sikre at arrangementet blir ein suksess i år også.
Dei nye løypetraséane som blei lansert i fjor, vert vidareført. I tillegg blir det jobba med oppdatering av nokre punkt på programmet for å gjere det endå meir attraktivt for dei ulike målgruppene. Stafetten skal vere eit arrangement der både mosjonistar i alle aldrar og med ulike fysiske forutsetningar, konkurranseløparar og born skal kunne delta!
Borna får utfolde seg
Det blir i år både ei kort og ei lang barneløype, i tillegg til rakettløypa, og alle born som deltek vil få premie. Rakettløypa er ei kort orienteringsløype for born i sjukehusparken, der dei konkurrerer mot seg sjølv, og kan delta så mange gongar ein ynskjer.
- Vi hadde veldig gode tilbakemeldingar på rakettløypa i fjor, og sidan deltakinga var so stor, har vi auka kapasiteten på denne i år. I tillegg jobbar vi med eit oppdatert konsept for 5.klassestafetten på dagtid, som vi har stor trua på, seier Halvard Brekke.
Årets 5.klassestafett vil i større grad bli knytt til området rundt sjukehuset, slik at ein får kobla på aktiviteten som skjer der. Alle 5. klassane i Sunnfjord kommune vert inviterte, og arrangementet er tilrettelagt for alle med ein kombinasjon av fagleg innhald og fysisk aktivitet. 5.klassestafetten blir arrangert på dagtid.
Stafetten for alle
- Stafetten skal vere ein arena for alle, både deltakarar, tilskodarar og heiagjengar, men vi ynskjer å legge tilrette for at endå fleire har lyst til å ta på seg joggeskoa og vere med i år, seier Brekke entusiastisk.
Dersom ein ikkje kjenner seg komfortabel med deltaking i eit løp der ein spring på tid, er mosjonsløpet perfekt. Her vel du sjølv korleis du ynskjer å gjennomføre løpet, og det er ikkje tidtaking. Du kan gå, springe eller sykle, enten aleine eller saman med andre.
På stafettområdet blir det servering av grillmat, aktivitetar frå scena, med blant anna artisten Teo som kjem for å spele. I tillegg blir det kiosk med sal av forfriskningar.
-Fristen for påmelding til stafetten er 30. mai kl 23.00, men vi oppfordrar alle til å melde seg på før 15. mai. Etter denne datoen aukar nemlig påmeldingsavgifta, avsluttar Brekke.
Les meir om dei ulike løpa, og meld deg på her.
Velkomen til stafett 1. juni!