Desse satsar knallhardt på årets stafett!
Tysdag hadde kirurgisk avdeling felles trening for alle sine tre lag, mot Helse Førde stafetten. Målet med stafetten er at det skal vere noko sosialt utanom arbeid, og å fremje fysisk aktivitet. Dette har kirurgisk avdeling fått smaken på!
- Dette er ikkje den einaste treninga vi skal ha, seier Renate Berg.
Kirugisk avdeling satsar knallhardt på årets stafett, og arrangerer felles trening. Her går dei igjennom løypa og har litt ekstra trening utanom. Vi snakkar igjen med Renate Berg om korleis treninga gjekk føre seg.
Var formen bra?
- Formen er heilt i rute til stafetten. No gjenstår det å ikkje ta seg ut på for harde økter før stafetten. Ein må ikkje gløyme at her skal alle kunne vere med uansett utgongspunkt.
Etter å ha gått igjennom årets løype, kva synast dåke om den?
- Løypa er grei, men kanskje litt i meste laget med asfalt. Vi sprang igjennom løypa, og deretter hadde vi intervalltrening i sjukehusparken.
Har dåke betre lag i år enn føregåande år?
- Formen på laga er betre enn føregåande år.
Kjem dåke til å ha fleire felles treningar?
- Planen er ei fellesøkt til før stafetten. Tysdag gav meirsmak til meir felles trening med gode, spreke kollegaer.
At dette gav meirsmak, er noko vi i Helse Førde stafetten blir svært glade for å høyre!
Minnar om påmeldingsfrist 13. juni.
Av: Johanne