Stafett Blogg

For oss er alle deltakarar vinnarar, og vi set difor pris på alle som er med og spring, uansett føresetnadar. Om du har eit sterkt konkurranseinstinkt, der vinnartida er det viktigaste, eller om du deltek for å ha det kjekt saman med andre, er du like velkomen til stafett.

Vi er begeistra over å sjå at påmeldingane renn inn for alle dei ulike løpa, og minner om at fristen for påmelding til singelløp og hovudstafetten er i kveld, 30. mai kl 23.00. Det betyr at du framleis har sjansen til å hive deg med.

Helse Førde-stafetten blir arrangert for 16. gong i år, og torsdag 1. juni går startskotet. Stafetten er eit arrangement for alle, der folk uavhengig av alder og fysiske føresetnadar kan delta. Det er bra med påmelding til hovudstafetten, men vi har plass til fleire, både mosjonistar og andre.

Det er kun få dagar igjen til startskotet går i årets stafett, og vi har fått eit innblikk i korleis NAV Sunnfjord har førebudd seg til løpet. Dei stiller med fleire lag til stafetten i år, og har lagt ned ein stor innsats i forkant av løpet.

Stafettløypa vert fysisk merka onsdag, og løypa til hovudstafetten er den samme som i fjor. Du kan sjå vekslingspunkta merka med rosa flagg på bilete nedanfor. Første etappe startar ved hovudinngangen til Førde sentralsjukehus, og siste etappe spring også i mål her.

Det er skikkelig stas å sjå at det er rekordstor påmelding til årets 5. klassestafett som går føre seg på dagtid torsdag 1. juni. Nærare 100 deltakarar frå 4 ulike skular er klare for stafett. Årets løype er lagt rundt sjukehusområdet, og elevane skal innom tre stasjonar undervegs i stafetten, der dei vil møte på oppgåver som er relevante...

Det er 3 veker igjen til startskotet for årets stafett går, og det er god påmelding til dei ulike løpa. Fjorårets suksess med ny barneløype og stafettløype blir vidareført, og kapasiteten blir auka for å kunne få endå fleire med på løpsfesten. Stafetten skal vere eit tilbod for alle!

Alle deltakarane på Helse Førde-stafetten får kvar si deltakartrøye. Årets t-skjorte er sitrongul, og skikkelig frisk i fargen. Vi syns den osar av energi, og vi håpar den blir brukt når treningsøktene kallar, både gjennom heile sommaren og ellers. T-skjorta er i eit teknisk stoff som pustar godt, og eignar seg til all fysisk aktivitet.

Det er god stemning på møterommet, der dei føretakstillitsvalde er samla til møte. Nokre er på plass rundt bordet, mens andre er med digitalt på skjermen. Dei er alle samde i at Helse Førde-stafetten er eit veldig bra arrangement, og at fysisk aktivitet og folkehelse heng saman. No byrjar førebuinga til årets stafett, der dei sjølvsagt stiller med...