Helse Førde-stafetten

Vi kjem tilbake til ny stafettdato 

Velkommen til stafett i 2024!

Vi gler oss over å kunne ønske velkommen til den 17. utgåva av Helse Førde-stafetten. Opplev den gode stemninga ved start og mål ved sjukehuset i Førde, bli med i mosjonsklassa, rakettløypa, eit av barneløpa, singelløpet eller hovudstafetten. Om du ikkje har lyst å delta sjølv, kan du stille på som heiagjeng og skape god stemning for løparane ute i feltet. Det blir godt program frå scena, kiosk og servering av grillmat. 

På Helse Førde-stafetten er det plass til alle! Bli med oss og lag ein mosjons-, løps- og folkefest denne ettermiddagen!

Program og påmeldingsinformasjon blir oppdatert i januar 2024

Program på stafettdagen

  • Kl. 1000 -1400 - 5. klassestafett 
  • Kl. 1600 -1830 - Mosjonsklasse
  • Kl. 1715-1730 - Vi gjer oss klar til stafett med Beate Kårstad Støfring
  • Kl. 1730 - Opning av årets stafett v/ Adm.dir. Arve Varden
  • Kl. 1730 -1930 - Rakettløype for barn
  • Kl. 1730 - 2030 - Servering av grillmat
  • Kl. 1735 - Start kort barneløype
  • Kl. 1750 - Start singelløp
  • Kl. 1815 -1830 - Oppvarming med Beate Kårstad Støfring
  • Kl. 1830 - Start lang barneløype
  • Kl. 1900 - Hovudstafett
  • Kl. 1940-2030 - Program og premieutdeling ved scena